Skipenes Gard ligg på Nordfjordeid, i Sogn og Fjordane. Du finn oss like ved den lakseførande Eidselva, som med sine vel 10km. kan tilby fiske med fluge så vel som makk og sluk.

Vi har ulike overnattingstilbod. Rom, leiligheit og hytter kan bestillast. Vi kan også tilby frukost, som blir servert i ”Bestemorstova”. Det er ei gamal tømmerstove med bestemor sine gamle møblar.

Her er god ”tumleplass” for både store og små. Trampoline, huskestativ og sandkasse for borna kan disponerast. Ein herleg overbygd grill ved elva (sitjeplass for 12) er ein svært populær plass. Men kanskje det kjekkaste av alt. Kosedyra våre!! Goggen, Ludvik, Kasper, Blondy og Petra!!

Dei og sjølvsagt vi, ynskjer alle hjarteleg velkomen!

Kontakt

Skipenes Gard
6770 NORDFJORDEID
Telefon: 57 86 08 24
mob: 40 20 09 26
epost: aria@online.no

ENDELEG ER VINTEREN OVER!!!!!

Etter ein lang og kald vinter, er det godt å sjå at våren er like om hjørnet. Jippi!!!  Vi ser fram til ein ny sesong, og ønsker alle våre gamle og nye gjester hjerteleg velkomen.  Vi håper på ein fin sommar med mykje "varme" og gode minner.

Helsing oss på Skipenes