Fiske 1. juni
Sunday, 14 June 2009 21:51 Last Updated on Tuesday, 23 June 2009 21:25
Det var ei spennende opning natt til 1 juni. Vi var i grillen i god tid med god grillmat og det som høyrer til, og det var ikkje lenge før første laksen på 8,5kg var teken. Etter det landa det 3 laksar til på Skipenes første døgnet. Største laksen var på 9,1kg.
Vi har foretatt ein del opp pussing , så no er det kome ein fin altan i tilknytning til ei leiligheit. Det er herleg å sitte der når sola skin, og følge med på fisket i elva. Ellers er 2 nye kjøkken blitt tatt i bruk, og ein del andre ting er også gjort.
Vi gler oss til ein ny sesong, og ønsker alle hjerteleg velkomne!
Sigdis og Arild
Sommaren 2009
Sunday, 14 June 2009 21:44 Last Updated on Sunday, 14 June 2009 21:48
Vi er alt begynt å tenke på komande sommar. Når det gjeld fiske. så har vi ledig fiske fra 20 juli og utover. Ellers har vi mykje som skal gjerast av opp pussing osv. Vi ser fram til å ta imot gamle og nye gjester.
Skipenes gard - Ny heimesie.
Friday, 12 June 2009 08:24 Last Updated on Sunday, 14 June 2009 21:49
Etter at den gamle heimesida etterkvart slutta å fungere på grunn av gammal kjeldekode, var det på tide med ei "oppfrisking" av sida.








